Vasslekkasje
Mange vil før eller seinare oppdage vasslekkasje på sitt private vassleidningssystem.
I samband med vassmålarinstallasjon bør du sjekke at du ikkje har vasslekkasje i huset. Du bør også sjekke at vassforbruket er normalt. Det gjennomsnittlege vassforbruket for ein person er mellom 150 - 200 liter per døgn, eller ca. 60 m3 i året. Lekkasjar i huset skjer oftast i toalett eller vask som drypp. Dette vatnet passerar vassmålaren og vil derfor føre til auka vass- og avløpsgebyr. For å sjekke om det er lekkasje i huset kan du kontrollere om målarstanden endrar seg når det ikkje er anna forbruk. Kontakt røyrleggar for å utbetre vasslekkasjen.

I samband med vasslekkasjesøk på kommunalt leidningsnett kan vi også oppdage lekkasjar på private stikkleidningar. Huseigar vert i slike tilfelle informert.
Du kan også sjølv oppdage lekkasjar på di private vassleidning ved å vere merksam på:
- Susing i røyra
- Dårleg vasstrykk eller lite vatn
- Fukt i grunnen der vassleidninga ligg
Vasslekkasjar må utbetrast så snart som muleg fordi:
- Lekkasjar fører til meirutgifter for vassverket og dermed auka gebyr for deg som kunde
- Det reduserer risikoen for at du skal bli utan vatn
- Når trykket i leidninga fell på grunn av lekkasjar, aukar faren for innsug av forureina vatn frå grunnen og inn i vassleidninga di
- Vasstrykket vert betre
- Det reduserer faren for at du skal få skade på eigedomen din
Ved vasslekkasje på privat stikkleidning skal du kontakte autorisert røyrleggar for å få hjelp.
