Vassforsyning

Handtering av det kommunale drikkevatnet i Sykkylven kommune

Det kommunale drikkevatnet går gjennom fleire prosessar før det kjem ut i kranen hos abonnentane. Frå vasskjelda går vatnet i leidning til eit vassbehandlingsanlegg. Her går vatnet gjennom ein sil for å fjerne partiklar før det går vidare til UV-behandling i to parallelle UV-anlegg. Vatnet blir også tilsett det som heiter vannglass for å auke pH-verdien på vatnet før det går ut i vassleidningsnettet og til slutt endar opp hos abonnentane.

For å sikre betre forsyning av vatn ved leidningsbrot er det fleire høgdebasseng plassert i kommunen.

Langs sørsida av fjorden og i Velledalen er det private vassverk.