Alle kan no få fiber i Sykkylven kommune

Alle kan no få fiber i Sykkylven kommune

Alle privatbustader i Sykkylven kommune kan no få fiber.

Sykkylven Energi har bygd ut fibernettet i heile kommunen, unntatt i Hundeidvik, der Hundeidvik Fiber var utbyggjar.

Dersom du ønskjer fiber i eit allereie utbygd område, ta kontakt med NextGenTel eller på telefon 987 07 979.

Leveringstid vil normalt vere frå 2 til 6 veker frå bestilling. I vinterhalvåret kan det ta lengre tid dersom du ønskjer inntaket ditt i jord, eller dersom røyra som skal nyttast er frosne.

Fiber på Fjellsætra

Fiber på Fjellsætra

Det er no starta utbygging av fiber på Fjellsætra for fritidsbustader. I første omgang vert det utbygd fiber i området ved skitrekket og fram til Tudalselva.

Dersom interessa er god vil vi vurdere å byggje ut fleire områder etter kvart.

Ta kontakt med oss om du er interessert i å få fiber på hytta.