Rusken ryddeaksjon

Årleg i april/mai vert frivillige i Sykkylven kommune invitert til å ta eit tak for lokalmiljøet ved å samle inn rusk og rask frå veggrøfter og fellesareal (NB! ikkje hageavfall og greiner).

Snart er det vår igjen!

Her kan du melde deg på årets Rusken ryddeaksjon! Påmeldingsskjema under må fyllast ut med info om arrangør/kontaktperson, område ryddeaksjonen skal vere og kor mange sekkar de treng.

Blanke sekkar vert etter avtale lagt ut for henting på baksida av kontorbygget vårt i Haugsetvegen 33.

Rusken-avfallet vert berre henta dei vekene som det vert henta restavfall i ditt område.

I 2025 vert Rusken-avfallet difor henta i veke 17 og 19.

Merk at veke 17 er veka ETTER påske, dvs 22.-25. april og veke 19, 5.-9. mai.

OBS! Alt Rusken-avfall skal leggast i blanke sekkar. Større gjenstandar, elektrisk avfall eller farleg avfall som ikkje kan gå til forbrenning vert ikkje henta. Dette må arrangøren sjølv levere til miljøstasjonen.

Merk også at avfall frå Rusken ryddeaksjon ikkje er herrelaust marint avfall, og er dermed ikkje avfall som går inn under refusjonsordninga til Hold Norge Rent.