Historia

Sykkylven Energi sine merkeår

Årstal

Hending

2021

Alle tilknytte eigedomar vart pålagt vassmålar

2020

Sykkylven Energi vart omdanna til eit konsern. Nettverksemda blei fisjonert ut i eit nytt selskap, Straumen Nett, med verknad frå 2021. Nye nettsider for Straumen Nett. Alle husstandane i Sykkylven kan no få fiber. Elektrifisering av ferjesambandet Aursnes – Magerholm

2019

Selskapet passerte 100 million kroner i omsetning og leverte tidenes beste resultat

2018

I 2018 feira selskapet sitt 100-års jubileum

2017

Montering av digitale og smarte straummålarar, som også kan hente måleverdiar frå vassmålarar

2016

Ny nettside. 5 års avtale med NextGenTel for levering av «Fiber til Heimen»-tenester i Sykkylven

2015

Passerte 1000 avtalar om fibertilknyting

2014

Transformatorstasjonen på Heiane vart spenningssett. Fornying av VA leidningsnett

2013

Bygging og driftssetting av Nye Riksheim Kraftverk

2012

Dei første "Fiber til heimen"-kundane vart tilknytt

2011

Fiberutbygging vedtatt og igangsatt. Kundekortsystem innført på miljøstasjonen. Årim overtok ansvaret for innsamling av hushaldsavfall og slamtømming

2009

Ny nettside

2008

Vedteke å delta i Ålesundregionen interkommunale miljøselskap (ÅRIM)

2005

Ny miljøstasjon opna på Jarnes. Starta innkrevjing av VAR-gebyr

2004

Bygging av silanlegg på Vik

2003

Bygging av Riksheimdalen Kraftstasjon. Bygging av silanlegg i Ullavik. Vassverket i Ramstaddalen vart godkjent etter drikkevassforskrifta

2002

Overtaking av VAR-området frå Sykkylven kommune

1999

Nytt kontroll- og koplingsanlegg i Sykkylven transformatorstasjon

1998

Energiverket fyller 80 år og vert omdanna til aksjeselskap (AS)

1997

Ny inntaksluke på Riksheim

1992

Fjerning av siste rest med 7,5 kV nett i Hundeidvik

1983

Ramstaddal Kraftstasjon sett i drift

1962

Innfasing mot Tussa kraft over Sykkylven sekundærstasjon på Haugseth

1958

Generator 3 i Riksheim Kraftstasjon sett i drift

1952

Ramstaddal og Søvikdal får elektrisk kraft

1947

Generator 1 i Riksheim Kraftstasjon sett i drift

1942

Tappetunnelen frå Storevatnet klar

1918

Straumlevering frå kraftstasjonen på Riksheim starta